onsdag 27. februar 2013

Fekk plutselig vinterferie...!

Ut av det blå viste det seg at verdens beste venninne (m/fam) hadde vinterferie no, og for en gangs skyld, -INGEN plana..! Så då va det berre å kommandere dei i bilen og få dei oppover, og med barna fri fra bhg for anledningen, er det rett og slett berre dager fylt med kos <3
 
Men først, -endelig e første Clara ferdig..! Skal bli ei gåve, men trur nok eg må lage en sånn til snuppa og. Spørs om det blir nåke big merino for å få den stor nok :o)
Har skippa perlestrikken på armane (slik som bildet i innlegget HER) for tenkte den vart vel så fin uten. Som skreve tidligare, strikka i Geilsk ull/bomull på p 3, minste str (ca 6mnd) og gikk berre med ca 70g. Men synes ikkje tråden var god til å strikke med og vart matt og livlaus sjøl etter at det vart vaska så spørs om det blir meir av dinna med det første. Men vart mjuk om ikkje anna :o)
 
 
....Ja, så absolutt.... :o)
 
 
Snakker om merino, -eg har aldri likt f.eks drops sin baby merino garn då eg ikkje synes den er varm i det heile tatt. Men...! Som sommerstrikk....! Så då lyset gikk opp for meg måtte eg prøve å strikke Lene Holme Samsøe sin "Bella baby" i det, og det trur eg rett og slett vart bra..! Ikkje heilt ferdig, men inspirert av det foreløpige resultatet måtte eg handle inn litt meir så eg va sikker på at eg kunne gå rett til neste prosjekt (......egentlig en dårlig unnskyldning for å gå i garnbuikken, men lell....;o) Så no e det rett over på "Lillies Top", -også en gave, så der blir det i allefall to stk så tutto og får seg en. Bella er strikka på p3, lys blå, og i str to år (som er den største i heftet) men passer fint til Minsta som er en lengre treåring (strikka litt lenger så klart). Og med nye karbonpinner fra Marte Helgetun (faktisk opptil fleire stk...!) går jo alt som en drøm <3
 
 
Som sagt har i besøk av en familie på fem denne veka, så då måtte kjellaren ryddast enten vi ville eller ei så dei fekk plass. Og sia lørdag har vi vore på ski, -der Minsten stod for første gang og vart hekta....
 
 
På stranda og grilla, brent bål og kosa oss...
 
 
Fiska....
 
 
Og elles berre nytt sola <3
 
 
I går va vi "jentene" på shopping mens karane va i snikkarboden, og i dag har vi vore i badeland. Snakk om en vinterferie spredd over heile spekteret! Og endå har vi nåken daga til go av "vinterferien" som datt oppi hendene våras. Godt vi no for tida e i den situasjonen at vi kan ta oss fri når det passer :o)
 
Men no e det tid for KOS, virkelig kos, for MbyM venter eg på kvar 6mnd, -og sjøl om en ikkje strikker så mykje av det som er mønster på blir en jo så inspirert av alt det flotte...!
 
 
Ha ei fortsatt god veke..!
 
~ Lykkelita ~

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar